fredag 16. desember 2011

Sære sider ved det norske språket


Det er mange aspektar ved språk som kan variere. Setningsoppbygging, verbbøying, gradbøying av adjektiv og uttale er nokre av dei sidene av språka som kan være forskjellige. Desse forskjellane gjer det vanskelegare for personar som vil lære seg eit nytt språk, da det er veldig mykje å halde styr på, på ein gong. Ein god start på den nye språkreisa er å studere dei språklige særdraga som ens eiget morsmål har, for slik å bli oppmerksam på kva som sannsynlegvis er annleis i det språket du ønskjer å lære.  Denne artikkelen tar for seg tre av dei grammatiske særdraga ved det norske språket; verbbøying, samansette ord og uttale og alfabet.   

Norsk verbbøying er ikkje så komplisert
På norsk bøyast sjølve verba etter tid. Altså om handlinga er utført i nåtid, fortid eller skal utføyrast ein gong i framtida. Dei verbformene vi brukar mest er infinitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp. Dette verkar for oss som nok verbtider, og vi har ikkje noko problem med å uttrykkje oss slik vi ønskjer når vi skal forklare når ting har skjedd, skjer eller skal skje. 

spansk, derimot, har dei fleire verbtider som vi ikkje brukar, eller har på norsk. Eit døme er gerundium, ei verbtid som forklarar kva som skjer akkurat nå. Det er heilt normalt å seie ting som «eg er hoppande» på spansk, mens vi på norsk heller ville sagt  «eg hoppar». Denne verbtida verkar ganske fjern og ukjent for nordmenn når man først høyrar det, men dei fleste av oss har heilt automatisk brukt denne verbtida i samanheng med engelsk, der vi ville sagt «I am jumping» i staden for «I jump». 
 
Spansk har i tillegg to verbformar av preteritum. Disse kallast indefinido og imperfecto. Indefinido brukast når det er snakk om ei avslutta handling, mens imperfecto brukast ved snakk om ein tilstand, ein beskriving eller ei handling som blir repetert.  Jamført med spansk verkar det som at det norske språket gir ganske unøyaktige forklaringar på korleis handlingane blir utført.

Det finnast også døme på språk som har færre verbtider enn kva norsk har. På vietnamesisk bøyar dei ikkje verba i det heile tatt, den einaste verbtida dei brukar er infinitiv. For at bruken av verba skal være forklarande i større grad, brukar dei andre ord som beskriver tid. Døme på slike ord er: i går, i fjor og i morgon. På norsk og vietnamesisk må man i tillegg bruke personlig pronomen for og fortelje kven som har utført, utførar eller skal utføre handlinga som verbet beskriv. På spansk treng man ikkje det, da verba skal bøyes etter personen eller personane verbet peker til, i tillegg til tid.

Frå "Astronomer mot orddeling" sin nettside
Samansette ord er eit anna særdrag ved det norske språket. Det er ord som vi lagar ved å setje saman to eller fleire ord. Desse orda får som oftast ei anna meining når dei står kvar for seg enn når dei står saman. Til dømes når ord som tunfiskbitar, lammelår og underetasje deles feilaktig opp i to ord. Alle desse orda får heilt andre betydingar; tunfisken blir levande igjen, og den biter! Låra til lammet blir dessverre til lår som er lamme, og underetasje blir til eit beskrivande uttrykk for kor du kan finne noko; «resepsjonen er under etasje to». 

Dette trekket ved det norske språket er derimot ikkje like vanleg i alle andre språk. I engelsk er hovudregelen at orda skal stå kvar for seg. Til dømes seier vi på norsk «skulesekk», mens man på engelsk seier «school bag». Det skal seiast at det finnast nokon samansette ord i engelsk også, som til dømes «football» og «sidewalk», men desse orda er i mindretal. På spansk blir ofte samansette ord delt opp, men da med preposisjonen «de» i mellom orda. «De», som hovudsaklig betyr frå, til eller med, brukast blant anna til å uttrykkje formål. Eit døme er «estudiante de medicina» (medisinstudent), kor medisin er formålet til studenten.

Den norske uttale og alfabet
Fonologi og alfabet er ein del av språk som varierer mykje rundt om i verda.  Fonologi er kort beskrevet som lydforholda i eit språk. Omgrepet viser altså til måten vokalar, konsonantar og ord blir uttalt på. Forskjellige språk kan ha forskjellige vokalsystem, det som er mest brukt er fem-vokalsystemet. Det finner man i språk som spansk, gresk og kinesisk. Nokre få språk har så få som fire vokalar, mens vietnamesisk på den annen side har så mange som 12. Norsk er eit av dei språka som har relativt mange vokalar, heile ni stykkar. Vokalane «æ», «ø», og «å» er så og si særeigene for det norske språket, men våre naboland Sverige og Danmark har også liknande vokalar i deira språk.

Fleire av dei norske uttalane av vokalane er ofte oppfatta som vanskelege av personar som skal læra seg norsk. Den lange U-lyden, som man finn i ord som gut og klut, er ein av dei lydane som oppfattast som særs vanskeleg. I tillegg slit som oftast utlendingar med Y-, Æ- og Ø-lydane, og Y og Ø blir ofte uttalt som I og E. 

Eit anna særdrag ved den norske uttala er skarre-r, ein uttale av konsonanten «r» som blir brukt svært lite i andre delar av verda, der det er mest vanleg å bruke rulle-r. I tillegg er kj-lyden, som vi bruker mykje i norsk, regnet som ein vanskeleg lyd. Til og med av nordmenn blir denne lyden uttalt feil, og det blir vanlegare og vanlegare å bruke sj-lyden i staden for kj-lyden, da den er lettare å seie. Sj-lyden er svært utbredt i resten av verden også. Både i spansk, vietnamesisk og dei slaviske språka (dei fleste språka i Øst-Europa) brukast ach-lyden i staden for kj-lyden.

Tre av mange
Dette er berre nokre av mange særdrag ved det norske språket, og det er forståelig at det for mange er ein god del utfordringar å finne på vegen mot gode norskkunnskapar. Likevell får man ofte høre at norsk er eit av dei lettaste språka, som personar med germanske språkkunnskapar, kan lære seg.
Avhengig av korleis språk du snakkar frå før kan norsk oppfattast som vanskeleg, eller enkelt, å lære seg. Spanjolar vil til dømes oppleve vårt verbbøyingssystem som lettvint, mens vietnamesarar truleg vil synes at alle bøyingsformane er vanskelege. Nokre av særdraga er også generelt vanskelege, slik som uttale av vokalane, mens andre reglar, som ordsamansetjing, ikkje er så komplisert. Men skal man lære seg norsk, bør man sannelig ha tunga rett i munnen!



Kjeldeliste:

- Helene Dahl, m. fl. (2009) Grip Teksten. H. Aschehoug & Co
- Disjkusjonsforum om spanske verbtidar (01.12.2011) Tilgjengelig frå: http://www.tritrans.net/forumcgi/forum_no.cgi?msg=2166

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar